NORLAs tilskotsordningar

NORLA tilbyr ei rekkje tilskotsordningar som skal stimulere til omsetingar av norske skjønns- og faglitterære verk.


Kva kan du søke stønad til?

For omsettarar

Omsettarar kan blant anna søke på tilskot til prøveomsetingar, formidlingstilskot, reisetilskot og mentorordning. Dei har også tilskotsordningar for kompetanseheving for omsetjarar. Det er fortløpande søknadsfrist for dei fleste tilskotsordningane.

For agentar og forlag

Agentar og forlag som jobbar med omsettingar av norsk litteratur, kan søke blant anna tilskot til omseting av skjønn- og faglitteratur, mellom nordiske språk, dramatikk, antologiar, tidsskrift og prøveomsettingar. Det er fortløpande søknadsfrist for dei fleste tilskotsordningane.

For arrangørar

Arrangørar av festivalar og konferansar kan søkje om stønad til å invitere norske forfattarar og førelesarar til arrangementa sine. Dette gjeld også universitet som underviser i norskfaglege emne. Via Land i sør-prosjekt til UD er særskilde midlar også sette av til vidareutvikling av samarbeidet mellom litteraturmiljøa i Noreg og i land i sør. Det er fortløpande søknadsfrist for dei fleste tilskotsordningane.

Kven kan søke?

Norske og utanlandske forfattarar, agentar, forlag og arrangørar som jobbar med omsetting av norsk litteratur er i målgruppene for tilskotsordningane.

NORLA om tilskotsordningane

Åpne kontaktskjema