NEFCO støttar opp under implementering av miljøvenlege tiltak i naboregionen.
Prioritet vert gjeven til investeringar som har positive verknader over grensene til den nordiske regionen. Prosjekt må vere finansielt levedyktige og i første instans vere basert på samarbeid mellom lokal og nordisk partnar. Det overordna målet til NEFCO er å bidra til reduksjon av forureiningar og betre energi og ressurseffektivitet.
NEFCO tilbyr finansiering i form av eigenkapital, lån, garantiar og andre finansieringsformer, som konvertible lån til marknadsvilkår. NEFCO tilbyr normalt rundt 25-35% av total finansiering. Typiske prosjekt som får finansiering kan vera grøne investeringar i bygningar, maskiner, utstyr eller teknologi som trengst for produksjon eller næringsutvikling i prosjektlandet.
Finansieringa er normalt på inntil EUR 5 millionar, tilbode som lån, subordinerte lån eller investeringar i form av eigenkapital. Vi kan òg tilby kjøparkredittar på inntil EUR 5 millionar for eksport av miljøvennlege, berekraftige produkt, maskineri eller tenester til Aust-Europa
Små og mellomstore nordiske bedriftar som tilbyr berekraftige produkt eller tenester for investeringar i eit dotterselskap eller eit tilknytta selskap som vil bli etablert eller allereie opererer i eit kvalifisert prosjektland.
Små og mellomstore nordiske bedriftar som tilbyr berekraftige produkt eller tenester for investeringar i eit dotterselskap eller eit tilknytta selskap som vil bli etablert eller allereie opererer i eit kvalifisert prosjektland.
Prosjektet må vere i Russland, Ukraina, Kviterussland, Moldova, Armenia, Georgia, Polen, Estland, Latvia eller Litauen.
Det blir gitt prioritet til prosjekt med høg demonstrasjonsverdi i prosjektlandet, og der dei grøne løysingane for prosjektet har stort potensiale for oppskalering.