Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. NORA

NORA

NORA (Nordisk Atlantsamarbeid) løyver stønad til samarbeidsprosjekt, som omfattar partnarar frå minst to av dei fire NORA-regionane (Grønland, Island, Færøyane og Kyst-Noreg*).

Prosjekta må vere relevante for organisasjonen sitt overordna mål: Å skape ein sterk og dynamisk nordatlantisk region, prega av berekraftige og robuste økonomiar.
I tillegg må prosjekta vere i tråd med NORA sitt gjeldande strategiprogram (per nå 2025-2028), som definerer dei prioriterte innsatsområda.

NORA kan støtte både eittårige og opptil treårige prosjekt med maksimalt 500 000 DKK per år.
Prosjekt kan få middel frå NORA inntil 50 % av den totale kostnadsramma til eit prosjekt.

 *Kyst-Noreg er fylka langs kysten frå Rogaland i vest til Finnmark i nord.

Kven kan søkje:
Både bedrifter, offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar og privatpersonar kan søkje.