Music Norway sitt reisetilskot
Ordninga er finansiert av Music Norway og Utanriksdepartementet. Formålet med ordninga er å auke etterspurnad, interesse og merksemd for norske utøvarar, komponistar, låtskrivarar og musikkselskap internasjonalt.
Kva kan du søke stønad til?
Det kan søkjast om reise-, visum- og overnattingsutgifter innanfor følgjande kategoriar innan alle sjangrar:
Konsert/turné
Til offentlege konsertar i utlandet inkludert sceniske verk, showcasar og promo-framføringar (radio, tv og liknande). Konsertane må finne stad i regi av ein stadleg arrangør, agent eller festival i utlandet.
Låtskriving/komponering
Til låtskrivarsamarbeid, komponistsamarbeid, sceniske verk, librettoskriving og liknande med utanlandske partnarar utanfor Noreg.
Arbeidsopphald
Til lengre arbeidsopphald eller residens i eit land eller ein marknad for å etablere kontaktar og inngå internasjonale samarbeid. Du vil også få tilbod og rådgiving og førebuingar før utreise om ønskeleg.
Kven kan søke?
Utøvarar, artistar, opphavspersonar, komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar som er norske statsborgarar eller busette i Noreg, samt norske musikkselskap som representerer eller formidlar desse eller verka deira. Verksemda/utøvaren må ha norsk organisasjonsnummer.