Music Norway sitt arrangørtilskot

Tilskot til å gjennomføre arrangement i Noreg som fremjar profesjonelle aktørar i norsk musikkbransje internasjonalt.


Formålet med ordninga er å auke etterspurnaden, marknadsverdien og nettverket til norske aktørar i musikkbransjen internasjonalt.

Kva kan du søke stønad til?

Det kan søkast tilskot til å gjennomføre arrangement i Noreg som fremjar norsk musikk i utlandet, som presse- og ekspertbesøk frå utlandet og låtskrivar-samlingar for norske og utanlandske låtskrivarar.

Presse- og ekspertbesøk

Det kan søkast om utgiftsdekking til deltaking av internasjonal presse, bransjeaktørar og internasjonale kjøparar ved eit konkret arrangement i Noreg, som kan ha betydning for ein internasjonal karriere.

Det kan søkast om tilskot til delfinansiering av reise og overnatting for internasjonal presse eller bransjeaktørar til eit arrangement i Noreg.

Låtskrivarsamling

Det kan søkast om utgiftsdekking til låtskrivar¬samling for norske og internasjonale låtskrivarar og produsentar, som skriv i samarbeid for tredjepart med sikte på internasjonale plasseringar. Samlinga må finne stad i Noreg.

Det kan søkast om tilskot til delfinansiering av reise og overnatting for dei internasjonale deltakarane, samt in-house arbeidsutgifter (maks. 15 % av søkesum).

Kven kan søke?

Verksemder som skal arrangere, koordinere og gjennomføre arrangement i Noreg, der målet er å promotere norsk musikk overfor internasjonal musikkbransje eller internasjonale medium.

Søkar må vere norsk statsborgar eller busett i Noreg, og vere registrert i føretaksregisteret.

Stikk.no - Søknad om arrangørtilskot

Music Norway om arrangørtilskot

Åpne kontaktskjema