Lærlingeordninga
Fylkeskommunane har finansieringsansvaret for alle lærekontraktar, opplæringskontraktar og kontraktar om fagbrev på jobb. Midla inngår i rammetilskotet frå staten.
I ein lærekontrakt eller opplæringskontrakt forpliktar bedrifta seg til å gje lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb nødvendig opplæring fram til fag-, sveine-, praksisbrev- eller kompetanseprøve.
Basistilskot 1:
Basistilskot 1 blir gitt til verksemder som har lærlingar og lærekandidatar med rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett).
Basistilskot 2:
Basistilskot 2 blir gitt til verksemder som har lærlingar og lærekandidatar utan ungdomsrett, eller kandidatar for fagbrev på jobb. Satsane blir fastsette av den enkelte fylkeskommunen.
Ekstra tilskot:
For lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i verneverdige tradisjonshandverksfag kan fylkeskommunen gi eit ekstra tilskot per kontrakt per år i læretida.
Sjå nettsidene til fylkeskommunen din for gjeldande satsar og søknadsfristar.