Ønskjer du å vidareutvikle ei tilleggsnæring på garden? Du kan søkje om tilskot og lån hos Innovasjon Noreg dersom du har eit lønnsamt prosjekt.
Ordninga omfattar investeringar i faste anlegg og tilhøyrande produksjonsutstyr, produktutvikling, kompetanseoppbygging, nettverksbygging, marknadsundersøkingar og marknadsføring av nye produkt. Innovasjon Noreg kan gje finansiering til eigarar av landbrukseigedomar eller bedrifter med tilknyting til landbrukseigedomar. Dei gjev også støtte til mindre næringsmiddelbedrifter som samarbeider med primærprodusentar.
Lån til generasjonsskifte ved familieoverdragingar vert normalt berre gjeve til personar under 35 år, og i område der bankane tilbyr dårlege vilkår til landbruk.
Det kan ikkje gjevast tilskot til tiltak som er påbyrja før søknaden er avgjord.