Ei internasjonal satsing kostar ofte meir og tar lengre tid enn antatt. Innovasjon Norge kan redusere den finansielle risikoen ved å lånefinansiere kostnader som bidrar til vekst og verdiskaping i Noreg, slik at du får betre moglegheiter til å oppnå vekst internasjonalt.
Vekstfinansiering blir primært tilbydt små og mellomstore bedrifter (SMB) som har verdiskaping og vekst i Noreg, samtidig som dei har vekstambisjonar internasjonalt og er eit supplement til finansieringa du får gjennom banken din. Bedrifter som søker lån til vekst og internasjonalisering må ha omsetning og kunne sannsynleggjere beteningsevne for lånet.