Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Komponistane sitt vederlagsfond

Fondet gir stønad til yrkesaktive komponistar i form av arbeidsstipend, reisestipend, utstyrsstipend og fordjupingsstipend. Fondet støttar alle sjangrar.

Kva kan du søke stønad til?

Komponistar kan søke om arbeidsstipend, reisestipend, utstyrsstipend og fordjupingsstipend.

Kven kan søke?

Yrkesaktive komponistar. Komponisten må sjølv stå som søkar. Komponistar som ikkje er tilslutta fagorganisasjon er like kvalifiserte til å søke som medlemmer.

Fondet innvilger ikkje stønad til innøving, innspeling, utøvande verksemd, arrangering og stemmeskriving.

Ordinære søknadsfristar:
2. februar klokka 13:00 og
2. september klokka 13:00
Fristane kan bli utsette.

Komponistane sitt vederlagsfond blir administrert av Musikkfondene.