Internasjonale samproduksjonsfond
Tilskot til internasjonale samproduksjonsfond som er etablerte og opererer i Europa.
Denne ordninga er ein del av Kreativt Europa, MEDIA-programmet.
For å auke talet internasjonale samproduksjonar i Europa, har Kreativt Europa, MEDIA innført ei tilskotsordning som gjev tilskot til internasjonale samproduksjonsfond som er etablerte og opererer i Europa.
Hovudaktiviteten til fondet må vere å gi tilskot til internasjonale samproduksjonar.
Krav til prosjekta som det internasjonale samproduksjonsfondet gjev tilskot til:
- Produksjon av film (fiksjon/animasjon/dokumentar) minimum 60 min lengde, for kinodistribusjon.
- Implementering av ein konkret distribusjonsstrategi for auka sirkulasjon av verk som har fått tilskot.
- Direkte tilskot til tredjepart – sjå eigne retningslinjer – tilskotet til tredjepart kan ikkje overstige € 60.000.
Kven kan søkje:
Internasjonale samproduksjonsfond som er etablerte i eit land som er medlem av MEDIA-programmet og som har eksistert i over 12 månader og kan vise til dokumentert erfaring.