Internasjonal reisestøtte – visuell kunst

Norske kunstnarar, internasjonale kunstnarar med permanent opphald i Noreg og internasjonale non-profit organisasjonar innan visuell samtidskunst kan søkje reisestøtte for utstillingar i sentrale internasjonale kunstinstitusjonar.


Stiftinga Office for Contemporary Art Norway (OCA) administrerer Utanriksdepartementet si støtteordning innan visuell samtidskunst og vart stifta med formål om å leggje til rette for norsk samtidskunst og å gjere norsk samtidskunst meir synleg og styrke posisjonen internasjonalt. Eit av dei fremste verkemidla OCA set i verk for å oppnå dette målet, er å tilby økonomisk støtte gjennominternasjonal support 01-middel finansiert av Utanriksdepartementet.

Kva kan du søkje støtte til?

Det kan søkjast om økonomisk støtte til reise, opphald, kunsttransport og forsikring og publikasjon for kulturaktørar med rett til stønad si deltaking ved arrangement i utlandet.

Det vert ikkje gjeve støtte til mat eller produksjon.

Prioritet er gjeven til utstillingar som finn stad i sentrale internasjonale kunstinstitusjonar og prosjektrom. Støtte er også gjeve til solo- og gruppeutstillingar, inkludert norske kunstnarar og utøvarar initierte av internasjonale kuratorar, og til det norske kunstfeltet for å organisere utstillingar og prosjekt i utlandet.OCA har også 6 residensar i utlandet som det kan søkjast om.

  • ISCP, New York 11,5 månader for kunstnar
  • ISCP, New York 3 månader for kurator
  • Künstlerhaus Bethanien, Berlin 11,5 månader for kunstnar
  • WIELS, Bryssel 6 månader for kunstnar
  • Capacete, Rio de Janeiro 3 månader for kunstnar, kurator eller kritikar
  • Mumbai Art Room, Mumbai 1 månad for kurator


Kven kan søkje?

Norske kunstnarar, internasjonale kunstnarar med permanent opphald i Noreg og internasjonale non-profit organisasjonar kan søkje. Ordninga gjeld profesjonelle utøvarar innan samtidskunstfeltet, det vil seie med kunstfagleg utdanning og/eller med tidlegare erfaring frå internasjonalt kunstsamarbeid.

Det er tre søknadsfristar i året: 1. februar, 1. mai og 1. oktober.

Søknadene for internasjonal reisestøtte og residensprogramma vert vurderte av ein internasjonal jury oppnemnd av OCA.

Retningslinjer må lesast på stikk.no før søknadsskjemaet vert fylt ut.

Office For Contemporary Art Norway om støtteordningen

Stikk.no - Retningslinjer for International Support 02-midler

Åpne kontaktskjema