Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Grøn plattform

Grøn plattform er ei satsing som gir stønad til forskings- og innovasjonsdriven grøn omstilling i næringslivet. Målet med satsinga er å styrke verdiskaping og skape fleire arbeidsplassar, samtidig som ein sikrar eit meir berekraftig samfunn.

Grøn plattform gir bedrifter og forskingsinstitusjonar økonomisk stønad til forskings- og innovasjonsdriven grøn vekst og omstilling.

Gjennom Grøn plattform ønsker regjeringa å utløyse investeringar frå bedriftene i grøne, berekraftige løysingar og produkt. 

Grøn plattform skal styrke norsk eksport og verdiskaping og gjere oss i stand til å gjennomføre nødvendig grøn omstilling, skape grøn vekst og reduserte utslepp. Det vil også gjere norske bedrifter og forskingsinstitusjonar betre rusta for å utnytte moglegheitene i EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa.

Grøn plattformprosjekt bør omfatte heile verdikjeda frå forsking og kunnskapsproduksjon til testing, kommersialisering og industrialisering av berekraftige, grøne produkt og tenester.