Året er delt inn i 2 garantiperiodar:
02.01. - 30.06. Søknadsfrist 31.08.24
01.07. - 23.12. Søknadsfrist 28.02.25
Garantiordninga gjeld når fartøy driv fiske og i situasjonar ved mellombels driftsstans, medrekna:
- ved ulønnsamt fiske
- i reguleringsperiodar
- driftsstans som følge av at fiskemottaka grunna marknadssituasjonen ikkje tar imot leveransar
- i tidsrom mellom turar/sesongar (også i samband med vanleg vedlikehald av fartøy og utstyr)
- Du er omfatta av garantiordninga når:
- du er ført opp på blad B i fiskarmanntalet eller fyller krava for opptak
- all fangst må være omsett gjennom lovbeskytta salslag eller kjøpar godkjend av salslag. Unntak er fiske og dyrefangst i havet som ikkje er underlagt lovbeskytta omsetning
- fartøyet er meldt inn i Registeret over merkepliktige norske fiskefarkostar
- ordninga gjeld for fiskefartøy på 6 meter lengste lengde og over
- fartøy og utrusting må vere av alminneleg god standard og fylle dei krava lova set til sikkerheitsforskrifter og liknande
Kven kan søkje:
Båteigaren eller den som har ansvaret for oppgjer med mannskapet.
Garantikassen for fiskarar om garantiordninga
Garantikassen – søknad om garantilott
Forskrift om garantiordninga for fiskarar