Forprosjekt for internasjonalisering

Nordisk prosjekteksportfond (Nopef) tilbyr nordiske bedrifter finansiell støtte til å analysera og førebu internasjonale investeringar og etablering av forretningsdrift i utanlandske marknader utanfor EU og EFTA.


Nopef støttar òg demonstrasjons- og pilotprosjekt som har som mål å oppnå kommersiell skala innan grøn teknologi og miljøvennlege løysingar. Målet med Nopef finansiering er å legga for til rette implementeringen av norske grøne løysingar på den globale marknaden, og dessutan å styrka den internasjonale konkurranseevna til nordiske selskaper.

Kva kan du søkje støtte til:

Nopef finansierer forprosjekt som gjev direkte eller indirekte miljømessige forbetringar, effektiviserer produksjonsprosessar, reduserer energi- og ressursforbruk og aukar miljømedvitet i mottakarlandet.

Stønaden frå Nopef skal dekke forstudium, prosjektplanlegging og utvikling av andre førebuande aktivitetar, som har som mål å realisera ei internasjonal etablering eller implementeringen av eit demonstrasjons-/pilotprosjekt.

Stønaden frå Nopef kan dekke opp til 50% av prosjektkostnadane til selskapet, inkl. interne lønnskostnader, reisekostnader og kjøp av eksterne tenester på inntil 50 000 euro. Stønaden er eit rentefritt vilkårsbunde lån som blir gjort om til eit tilskot når prosjektet er fullført.

Kven kan søkje:

Små og mellomstore nordiske bedrifter med færre enn 250 tilsette og omsetning under 50 millionar euro kan søkje finansiering frå Nopef. Nopef støttar etablerte bedrifter med operativ verksemd, solid økonomi og naudsynte ressursar for prosjektet. Stønaden gjeld for prosjekt i marknader utanfor EU/EFTA-området.

Nopef om finansiering

Søknadsskjema Nopef

Åpne kontaktskjema