Innovasjon Noreg kan bidra med finansiering til kjøp og bygging av fiskefartøy eller til utstyr og reiskapar. Dei kan også hjelpe deg med finansiering av kvotar og rettar.
Finansiering av fiskefartøy og fiskerettar er øyremerkte aktive fiskarar og selskap som har minimum 50 prosent aktive fiskarar på eigarsida.
Innovasjon Noreg tilbyr hovudsakleg lån til investeringar i fiskeflåten, men dersom eit innovativt utviklingsprosjekt inngår som del av investeringa, er det moglegheiter for å få finansiert delar av dette med tilskot.
Ta kontakt med Innovasjon Noreg tidleg i prosessen for å diskutere investeringsprosjektet.
Innovasjon Norge om finansiering av fiskefartøy og fiskerettigheter