EU-finansiering og rådgiving
Treng du kompetanse eller finansiering til å pilotere, kommersialisere og skalere ei nyskapande løysing med eit globalt marknadspotensial? EU sine program for forsking, innovasjon og digitalisering tilbyr ei rekke finansieringsmoglegheiter for næringslivet. Innovasjon Noreg hjelper deg med EU-søknaden.
Kven kan søkje?
Eu-programma er opne for alle typar søkarar. Innovasjon Noreg hjelper bedrifter og klynger med EU-søknaden.
Kva kan du søke om?
Innovasjon Noreg tilbyr djupnerådgiving, marknadsorientering og kundeorientering for at bedrifter skal lykkast med EU-søknaden. Innovasjon Noreg organiserer også kurs, workshops og pitche-trening.
Ulike EU-program som norske bedrifter kan søke om finansiering frå:
- Horisont Europa
- Digital
- Europa
- COSME (inkludert klynge-til-klynge-samarbeid)
- InvestEU
- European Defence Fund
- EU sitt innovasjonsfond