Det norske komponistfond
Fondet bidrar til ny musikk i Noreg, ved å gi komponisthonorar. Fondet støttar alle sjangrar.
Alle komponistar som i hovudsak bur og har virket sitt i Noreg, og som offentleg har vist yrkesaktiviteten sin som komponist kan få stønad.
Det er ein føresetnad at musikkverk(a) skal framførast offentleg, live og/eller på strøymeteneste (mikroarenaer blir ikkje rekna som offentleg). Framføring omfattar både levande framføring av verket eller verka og alle former for digital gjengiving og tilgjengeleggjering.
Kven kan søke?
- Komponisten kan søke om eige komponisthonorar.
- Samarbeidspartnar kan søke om honorar til ein komponist. Ein samarbeidspartnar kan vere bestillar, framføringsinstitusjon, organisasjonar, utøvar, konsert- eller annan arrangør, festival, produsent eller andre som skal presentere verket for eit allment publikum og bidra til at verket blir vidareformidla.
Ordinære søknadsfristar er:
2. mars klokka 13:00 og 2. oktober klokka 13:00.
Fristane kan bli utsette.
Det norske komponistfond blir administrert av Musikkfondene.