Bustad på gardsbruk

Innovasjon Noreg tilbyr lån til ny eller utbetring av bustad på garden.


Kven kan få finansiering?

Eigarar av landbrukseigedom. Innovasjon Noreg prioriterer berre gardsbruk med næringsverksemd av eit visst omfang.

Kva kan Innovasjon Noreg finansiere?

Det kan gjevast lån til følgjande investeringar:

  • Ny bustad for eigar, kårfolk eller tilsette på garden.
  • Utbetring av eksisterande bustad. Dette kan omfatte tilbygg, ombygging, energisparande tiltak, tilpassing for eldre og funksjonshemma, eller ivaretaking av antikvariske verdiar.
  • Kjøp av bustad på tomt når formålet er at bustaden skal knytast til bruket.

Innovasjon Noreg om investeringar i bustad på gardsbruk

Åpne kontaktskjema