Bransjetilskot – støtteapparat scenekunst

Det overordna formålet med tilskotsordningane er å bidra til at profesjonelle scenekunstnarar og kulturaktørar får auka internasjonale moglegheiter. Marknadsføringstiltak skal gjere det mogleg for scenekunstnarar å kjøpe PR- og marknadsføringstenester frå tredjepart ved lansering og/eller visning i utlandet. Reisestøtta produsentar og managerar skal bidra til at norske scenekunstnarar som vert engasjerte i utlandet, vert sette i stand til å gjennomføre engasjement.


Marknadsføringstiltak

Det kan søkjast støtte til kjøp av PR-tenester ved framsyningar og lanseringar i utlandet, og strategiske promoteringsaktivitetar for selskapet sine artistar.

Reisestøtte produsentar og managerar

Næringsretta møteverksemd i utlandet for produsentar. Det kan søkjast om tilskot til reise- og opphaldskostnader for ei eller fleire reiser i samband med nettverksbyggjande tiltak og sal av framsyningar. Det kan blant anna søkjast støtte til reise innanriks til for eksempel ein norsk festival der det er internasjonale delegatar som ein har fått booka møte med.

Senter for scenekunst Noreg (PAHN)

STIKK.no om støtte – scenekunst

Åpne kontaktskjema