Bildende Kunstneres Hjelpefond
Som "kunstnar" reknar ein i denne samanhengen ein som profesjonelt og yrkesmessig produserer eller har produsert slike verk som er avgiftsbelagde etter kunstavgiftslova. Tildelingane frå BKH går hovudsakleg til enkeltkunstnarar som stipend og tilskot etter søknad. Tilskotet vert tildelt uavhengig av kjønn, nasjonalitet, bustad eller organisasjonsmedlemskap. Nokre tilskot kan også tildelast kunstnaren sine etterlatne (attlevande ektefelle, partnar eller sambuar).
Dei kunstfaglege stipenda blir tildelte på kunstfagleg grunnlag, etter dei kunstnariske kriteria som er sette for dei enkelte ordningane. I tillegg til tilskot til enkeltkunstnarar kan Utviklings- og formidlingstilskot søkast til prosjekt som skaper auka interesse for det visuelle kunstfeltet, og stimulerer formidling og auka omsetning av kunst innanfor verkeområdet til kunstavgifta.
BKH forvaltar òg Haustutstillingsprisen, Kunsthandverkprisen og Fotokunstprisen, og dessutan Regionale stipend via kunstsentera i Noreg. I tillegg til desse deler BKH ut Ulrik Hendriksens Ærespris og John Savio-prisen.
Midlane til fondet kjem frå kunstavgifta, ei lovpålagd avgift på 5% på offentleg omsetning av kunst med salspris over 2 000 NOK.