Bedriftsnettverk for landbruket

Har bedrifta di behov for hjelp til å styrkja samarbeidet med andre bedrifter, skapa tillit, identifisera felles utfordringar og interesser? Då har Innovsjon Noreg tenesta for deg.


Bedriftsnettverkprogrammet tilbyr finansiering og fagleg stønad til å etablere forpliktande strategiske og marknadretta og/eller kommersielle samarbeidsprosjekt. Samarbeidet må ha eit langsiktig perspektiv. Prosjekt- og stønadsperioden er normalt på 3 år. Hensikta er å bidra til at bedriftene gjennom samarbeid med andre bedrifter får auka tilgang til ressursar, styrkt konkurransekraft og dessutan auka verdiskaping og lønnsemd.

Målgrupper

  • Primærprodusentar i landbruket, reindriftsutøvarar, innlandsfiske- og næringsmiddelbedrifter som utviklar, foredlar og sel kvalitetsprodukt som er basert på lokal råvarer
  • Reiselivsbedrifter som ønsker å utvikle tilbod innan mat, overnatting, servering, natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar basert på ressursar til landbruket og reindrifta
  • Inn på tunet-tilbydarar innan Matmerks godkjenningsordning
  • Programmet kan og bli tilbydd til andre utøvarar av tilleggsnæringar basert på ressursar i landbruket og reindrifta, som enten er i ein vekstfase eller del av eit nettverk.

Innovasjon Noreg om bedriftsnettverk for landbruket

Åpne kontaktskjema