Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Bedriftsnettverk

Har bedrifta di vekstambisjonar og ønsker å realisere desse i samarbeid med andre bedrifter? Innovasjon Noreg kan tilby fagleg rettleiing og finansiering til etablering og utvikling av bedriftsnettverk-prosjekt.

Gjennom bedriftsnettverk kan små og mellomstore bedrifter etablere kommersielle, strategiske og marknadsretta samarbeid for å styrke innovasjonsevna og konkurransekrafta. 

Kven kan søke?

Bedriftsnettverk i heile landet kan søke om stønad til hovudprosjekt med varigheit på inntil tre år.

Deltakarane i bedriftsnettverket må bli einige om at ein av deltakarbedriftene tar rolla som søkarbedrift/administrator på vegner av nettverket. Krav for å bli vurdert:

  • Bedriftsnettverket må bestå av minst tre små og mellomstore bedrifter med etablert verksemd i Noreg og med sunn økonomi.
  • Bedriftene må vere registrert i det norske Føretaksregisteret
  • Det skal normalt ikkje vere eigarforhold mellom bedriftene
  • Store bedrifter og kunnskapsaktørar i Noreg eller i utlandet kan delta, men norske små og mellomstore bedrifter må utgjere minst 50 prosent av deltakarane
  • Formålet med prosjektet må vere auka vekst og verdiskaping gjennom å utvikle og realisere nye marknadsmoglegheiter i eksisterande eller nye marknader i  utlandet eller i Noreg, med utgangspunkt i bedriftene sine eksisterande produkt, tenester, kompetanse og teknologi
  • Prosjektet må vere basert på strategisk samarbeid mellom bedrifter som har felles behov og komplementære ressursar som gir potensial for synergiar
  • Intensjonsavtale underskriven av deltakarbedriftene