Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. BarentsUng prosjektstønad

BarentsUng prosjektstønad

Gjennom BarentsUng kan du søke stønad til eit prosjekt du vil gjennomføre saman med ein eller fleire utanlandske samarbeidspartnarar.

Målet med ordninga er å gjere det litt meir spennande for ungdom å leve og bu i Nord-Noreg, og samtidig fremje internasjonalt samarbeid.

For å søke om stønad til eit prosjekt med ein internasjonal partnar må du:

  • vere busett i Nord-Noreg eller det sørsamiske området i Noreg
  • vere mellom 18 og 30 år gamal (deltakarar i aktiviteten kan vere yngre)
  • ha minst ein samarbeidspartnar frå dei nordlege områda i Sverige og Finland (I relevante prosjekt kan samarbeidspartnaren også vere frå Island, Færøyane, Grønland eller dei arktiske områda i Canada eller USA)
  • planlegge ein aktivitet eller eit arrangement som føregår innanfor Barentsregionen
  • søke på vegner av ein organisasjon, bedrift eller foreining med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera