BarentsUng prosjektstønad
Ungdom er ei prioritert målgruppe i Barentssekretariatet og kan søke på alle programområde. BarentsUng består av ordninga vår for prosjektstønad i tillegg til reisestønad for ungdom.
Kven kan søke
Søknaden skal vere frå nordnorsk eller samisk partnar (frå norsk del av Sápmi) i prosjektet. Søkar kan vere ein privat eller offentleg institusjon, bedrift, stiftelse eller organisasjon som er registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Geografisk verkeområde
Tilskotsordninga dekker Nordland, Troms og Finnmark fylke, og det sørsamiske området. Vidare inngår den svenske og finske delen av Barentsregionen. Prosjekt med samarbeidspartnarar frå resten av det nordlege Norden (Færøyane, Grønland, Island) og/eller i arktisk Canada eller USA kan også vurderast, så framt desse bidrar til å fremme formålet. Det same gjeld prosjekt med uavhengige russiske aktørar i Barentsregionen.