Du kan søkje Barentssekretariatet om prosjektfinansiering til norsk-russiske prosjekt i Barentsregionen.
Eit Barentsprosjekt er eit samarbeid mellom ein norsk og russisk partnar som skal skape noko i fellesskap. Det kan vere alt frå eit idrettslag som møtest til trening til to bedrifter på kvar side av grensa som ønskjer å utvikle eit felles produkt.
Hovudformåla til prosjekta er å auke kunnskapen om og forståinga av kultur og samfunn på tvers av grensene, og å bryte ned fordommar og knyte vennskapsband.
Barentssekretariatet prioriterer middel til prosjektsamarbeid innanfor følgjande satsingsområde: Kultur/idrett, kompetanse/utdanning, næring/entreprenørskap, samfunn/miljø og media/informasjon.
Prosjekta skal i all hovudsak gjennomførast i norsk eller russisk del av Barentsregionen.
Søknaden skal vere frå den nordnorske partnaren i prosjektet. Søkjaren kan vere ein nordnorsk offentleg institusjon, eit privat selskap, ei stifting, ein organisasjon eller ein privatperson.
Barentssekretariatet kan dekkje inntil 70 % av dei totale kostnadene i eit prosjekt. Eigen arbeidsinnsats vert akseptert som medfinansiering.
Prosjekt må ha russisk medfinansiering. Eigen arbeidsinnsats blir akseptert. Det blir likevel ikkje forventa høg del av medfinansiering frå russisk side i dei tilfella der prosjektpartnaren er ein frivillig organisasjon.
Prosjektstøtta skal dekkje påkomne kostnader i samband med prosjektgjennomføringa. Typiske budsjettpostar er til dømes "reise og opphald", "tolking", "administrasjon" og "prosjektleiing".