Anbodsgaranti

Garantien refunderer utlegget til norske selskap ved deltaking i anbodskonkurransar om bistandsfinansierte prosjekt i utviklingsland, viss anbodet blir tapt.


  • Garantien passar for norske leverandørar som ønsker å by på kontraktar til bistandsfinansierte prosjekt i utviklingsland.
  • Dersom bedrifta ikkje får oppdraget, kan inntil 50 prosent av bedriftas utlegg til anbod bli refunderte.
  • Ordninga er finansiert av Norfund og blir administrert av Eksportfinansiering Noreg.
  • Utgifter i samband med forundersøkelser blir ikkje dekte.
  • Det er viktig å sende inn søknaden før ein startar med utarbeiding av anbod. Utgifter som har påløpt før søknaden er innsendt, vil ikkje bli godkjende under garantien.


Kven kan søkje?

Norske bedrifter.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat.

Eksportfinansiering Noreg om anbodsgaranti

Åpne kontaktskjema