Domenenamn
Val av domenenamn
Domenenamnet kan vere føretaksnamnet, marknadsføringsnamnet, ditt eige namn eller eit anna namn eller uttrykk. Du vel det du vil bli assosiert med og husken som. Du kan stort sett velje det domenenavnet du ønskjer, men du må passe på at namnet ikkje bryt med andre sine rettar til varemerke, føretaksnamn eller andre namnerettar.
Finn ledig domenenamn
Med tenesta navnesok.no kan du i eitt og same søk finne ut om namnet du ønskjer deg, er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke.
Domenenamn først, føretak etterpå
Når du har bestemt deg for namn på føretaket, er det viktig at du held korta tett til brystet til du har registrert det domenenamnet du vil ha. Då unngår du at andre tek det. Dersom du ikkje har eit organisasjonsnummer, kan du registrere domenenamnet på deg sjølv som privatperson og overføre det til verksemda når du har registrert henne.
Same namn på tvers av kanalar
Når du har bestilt det domenenamnet du vil ha, er det smart å registrera det same namnet som konto- eller profilnamn i sosiale medium. Då får du ein digital identitet som heng saman på tvers av plattformer og kanalar, og det blir enklare for kundar og andre å hugsa namnet og finna deg.