Starte og registrere ein stiftelse
Føresetnader for å opprette ein stiftelse:
- Ein stiftelse kan opprettast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske eininger (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan være opprettar. For å vere opprettar eller ha ei anna rolle i ein stiftelse må du ha fylt 18 år.
- Stiftelsar må ha ein bunden grunnkapital på minst 100 000 kroner for alminnelege stiftelsar, og 200 000 kroner for næringsdrivande stiftelsar.
Dersom du statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøkje reglane for opphaldsløyve.
Når stiftelsen er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.
Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i stiftelsen norsk fødselsnummer eller d-nummer?
- Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.
Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.
Namn på stiftelsar
Føretaksnamn for næringsdrivande stiftingar skal innehalda ordet stifting eller føretaksnemninga STI, dette skal stå bakarst i føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Frist for registrering
Stiftelsen må meldast til registrering seinast 3 månader etter han vart oppretta.
Kor lang tid tek det?
Saksbehandlingstidene hos Stiftelsestilsynet varierer gjennom året.
Kva kostar det?
Ved registrering av alminneleg stiftelse betaler du gebyr både for registrering hos Stiftelsestilsynet og for registrering i Enhetsregisteret. Gebyret for registrering hos Stiftelsestilsynet er frå 3 729 til 5 750 kroner avhengig av storleiken på eigenkapitalen. Gebyret for registrering i Enhetsregisteret er 2 683 kroner ved elektronisk registrering. Ved registrering på papir er gebyret i Enhetsregisteret 3 378 kroner.
Ved registrering av næringsdrivande stiftelse betaler du gebyr for registrering i Enhetsregisteret og Foretaksregisteret. Gebyret for registrering i Enhetsregisteret og Foretaksregisteret er 3 379 ved elektronisk registrering, og 3 925 kroner ved registrering på papirskjema.
Ved registrering får stiftelsen eit organisasjonsnummer.
Årleg avgift
Alle stiftelsar med ein eigenkapital på 100 000 kroner eller meir, må betale ei årleg avgift til Stiftelsestilsynet. Den årlege avgifta vil vere avhengig av storleiken på eigenkapitalen (minimum 750 kroner og maksimalt 21 710 kroner).