Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Starte og registrere ei foreining

Når du skal starte ei foreining må du velje namn, utarbeide vedtekter og stifte foreininga. Deretter kan foreininga registrerast.

Føresetnader for å starte ei foreining:

  • Ei foreining må ha minst to stiftarar.
  • Både fysiske personar og einingar (eksempelvis aksjeselskap eller andre foreiningar) kan vere stiftarar. 

Stifte og registrere foreining

For å registrere ei foreining må du fylle ut skjemaet Samordna registermelding. Skjemaet leverer ein enklast elektronisk via Altinn. Det er også mogleg å nytte papirblanketten "Forenkla blankett for foreiningar".

Ei foreining vert normalt stifta ved at det vert oppretta eit stiftelsesdokument. Dersom foreininga ønskjer eit organisasjonsnummer må foreininga registrerast i Einingsregisteret.

Brønnøysundregistera om stiftelse og registrering av foreiningBrønnøysundregistera – stiftelsesdokument for foreiningBrønnøysundregistera – vedtekter for foreiningBrønnøysundregistera – forenkla skjema for foreiningarBrønnøysundregistera – Rettleiing til samordna registermelding – forenkla skjema for foreiningar

Når foreininga er registrert elektronisk får innsendaren svar på registreringssøknaden i sin "Innboks" i Altinn.

Namn på foreiningar

Det er ingen spesifikke namnekrav for foreiningar. På tenesta namnesøk kan de sjekke om namnet de vurderer er ledig.

Namnesøk

Frivilligregisteret, grasrotdel og momskompensasjon

Dersom foreininga driv frivillig aktivitet, kan de velje å registrere ho i Frivilligregisteret. Å være registrert i Frivilligregisteret er ein nødvendig føresetnad for å kunne få midlar frå ulike tilskotsordningar for frivillig verksemd, blant anna grasrotdelen. Verksemder registrert i Frivilligregisteret har også moglegheita til å søkje om momskompensasjon gjennom momskompensasjonsordninga.

Papirskjema for nedlasting – tillegg for registrering av foreining i FrivillighetsregisteretBrønnøysundregistera – rettleiing til skjema for registrering i FrivillighetsregisteretLotteri- og stiftelsestilsynet om momskompensasjonOm grasrotandelenSkatteetaten om meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonarSkatteetaten om skatt for frivillige og ideelle organisasjonar

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er gratis. Ved registrering i Einingsregisteret får foreininga eit organisasjonsnummer.

Skal foreininga drive næringsverksemd må ho registrerast i Føretaksregisteret. Gebyret for registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret er 3 379 kroner ved elektronisk registrering, og 3 925 kroner ved registrering på papirskjema. 

Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 651 kroner ved elektronisk registrering, og 3 198 kroner ved registrering på papirskjema.