Skatt for enkeltpersonføretak
Du må betale skatt i det same året du tener pengane. Det er ingen automatikk i at du får tilsend faktura på forskotsskatt om du ikkje har oppgitt til Skatteetaten at du driv med overskot. Du må sjølv melde endringar av inntekta for å få rekna ut forskotsskatten din. Dette gjer du ved å opne skattekortet ditt og føre inn forventa overskot.
Dersom du bereknar å ha underskot det første året, skal du ikkje oppgi desse opplysningane i skattekortet ditt. Underskotet skal i staden førast opp i skattemeldinga di.
Kor mykje skatt skal du betale?
Skatteetaten tar utgangspunkt i den totale inntekta di, både frå føretaket og eventuell anna inntekt, når dei bereknar kor stor andel av overskotet du skal betale i skatt.
For dei fleste vil skatteprosenten ligge ein stad mellom 33 og 50,6 prosent av overskotet. Det kan derfor vera formålstenleg å setja av rundt 40 prosent av overskotet ditt til skatt.
Skatten vil vere noko høgare for næringsinntekta enn for tilsvarande lønnsinntekt, fordi skatten for næringsinntekta inneheld ei noko høgare trygdeavgift (trygdeavgifta for lønnstakarar er 7,7 prosent og for næringsinntekt 10,9 prosent). Det skal bereknast skatt av alt overskot. Det er altså ingen eigne beløpsgrenser som må passerast før skatteplikta startar å gjelde.
Korleis betale skatten
Når Skatteetaten har berekna kor mykje skatt du skal betale, vil du få ein faktura for kvar termin, ca. tre veker før betalingsfristen. Du finn fakturaen i nettbanken din, dersom du bruker eFaktura. Elles finn du han i Altinn-innboksen din. Dersom du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, sender Skatteetaten deg fakturaen i posten.
Periodane forfell:
- 15. mars
- 15. juni
- 15. september
- 15. desember.
Du må betale skatten innan fristen for å unngå tilleggsskatt ved for sein betaling. Dersom Skatteetaten ikkje får betaling for ein termin innan sju kalenderdagar etter fristen for å betale forskotsskatt, får du eit varsel om tvangsinnkrevjing av den resterande forskotsskatten for heile året.
Dersom du ser at du ikkje har betalt nok skatt gjennom året, kan du betale inn ekstra skatt innan 31. mai året etter. Da slepp du å betale renter på beløpet du er skuldig. Den ekstra betalinga blir kalla eit tilleggsforskot.
Uttak av lønn
Sjølv om du arbeider i verksemda vil ikkje uttak eller overføring av pengar til deg sjølv bli rekna som lønn. Du skal derfor ikkje betale arbeidsgivaravgift for dette. Du skal heller ikkje føre frådrag for utbetalingar til deg som innehavar. Slike utbetalingar vil derfor ikkje påverke det skattbare resultatet.
Eksempel
Overskot (Eit overskot er når inntektene for ein periode er større enn kostnadene for same periode.) i verksemda før utbetaling til innehavaren: 50 000 kroner
Ditt uttak frå verksemda: 30 000 kroner
Skattbart overskot: 50 000 kroner
Ektefellar og sambuarar som jobbar i verksemda
Dersom du er gift og ektefellen din jobbar i verksemda, skal du ikkje rekne utbetalingar til ektefellen som lønn. Ektefeller blir ikkje rekna som tilsette og du vil ikkje kunne føre frådrag for utbetalinga i rekneskapen til verksemda. De kan i staden fordele verksemda sitt overskot/underskot mellom dykk etter ei heilskapsvurdering av arbeidsinnsatsen til ektefellen din og deg. Dersom de ikkje gjer ei slik fordeling, blir heile inntekta registrert på innehavaren av verksemda.
For sambuarar er regelen annleis. Har du ein sambuar som arbeider i enkeltpersonføretaket ditt må du tilsette hen. Sambuaren din vil få lønn, og du kan dermed føre frådrag for utbetalinga rekneskapen til verksemda. Du pliktar også å betale arbeidsgivaravgift, trekke skatt (forskotstrekk) og rapportere via a-meldinga.
Rapportering til Skatteetaten
Rapportering av over-/underskot skjer årleg gjennom næringsspesifikasjonen som er i skattemeldinga di. Du kan levera skattemeldinga via eit rekneskapssystem eller via Skatteetaten.no.
Frå og med 2023 må enkeltpersonføretak med revisjonsplikt levere næringsspesifikasjonen gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram. Skattemeldinga kan leverast samtidig via systemet eller i etterkant på skatteetaten.no.
Frådrag
Du kan som hovudregel krevje frådrag for kostnader til drifta av næringsverksemda. Du må dokumentere alle kostnader og anskaffingar med originale vedlegg og føre dei i rekneskapen til føretaket. Det er eigne reglar for frådrag for bruk av bil, kostnader til telefon og internett (ek-tenester) og frådrag for heimekontor.
Normalt kan du også føre frådrag for kostnader til kurs for å halde deg oppdatert på det fagfeltet du arbeider med. Utdanning og vidareutdanning kan du derimot ikkje føre frådrag for.
Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nettopp har starta verksemd. Kursa er gratis og du kan følge enten digitale webinar eller fysiske kurs.
Du kan velje mellom kurs for enkeltpersonføretak eller aksjeselskap (AS). Det finst også kurs på engelsk.
Skatteetaten har også laga opplæringsfilmar som går gjennom mange av temaa frå kurset. Desse kan du ha nytte av når du for eksempel skal betale skatt, registrere meirverdiavgift eller sende inn skattemelding.