Rapportering om berekraft
Nye reglar i rekneskapslova om berekraftsrapportering blir trinnvis innførte. Frå og med rekneskapsåret 2024 skal nokre store føretak av allmenn interesse rapportera om berekraft. Nye reglar i rekneskapslova om berekraftsrapportering blir trinnvis innførte.
Frå og med 2024: Store føretak av allmenn interesse
Frå og med rekneskapsåret 2024 skal store føretak av allmenn interesse (med meir enn 500 tilsette) legge fram berekraftrapportering. Dette omfattar noterte føretak, bankar, kredittføretak og forsikringsføretak. Som hovudregel følgjer føretak av allmenn interesse reglane for store føretak, uavhengig av balansesum, salsinntekter og gjennomsnittleg tal på tilsette i rekneskapsåret.
Det er berre dei som er pliktige til å rapportera om berekraft som kan senda inn berekraftsrapport.
Frå og med 2025: Store føretak
Frå og med rekneskapsåret 2025 skal alle store føretak og konsern legge fram berekraftrapportering, både noterte og unoterte. Det er nokre unntak frå plikta til å rapportera om berekraft i 2025
Frå og med 2026: Små og mellomstore børsnoterte føretak
Frå og med rekneskapsåret 2026 skal små og mellomstore børsnoterte føretak og konsern legge fram berekraftrapportering. Dei kan likevel vente med berekraftrapportering til 2028, under føresetnad av at dei gir ei kort fråsegn i årsmeldinga om kvifor rapporteringa er utsett.
Unntak for mikroføretak
Mikroføretak skal følgje reglane for små føretak. Noterte føretak som er mikroføretak, er likevel unntatt frå berekraftrapportering.
Berekraftsrappportering for små føretak
Små føretak har ikkje krav til eiga berekraftrapportering, men blir påverka indirekte når dei er ein del av verdikjeda til større føretak med rapporteringsplikt. Mindre føretak kan arbeide med berekraft ved å bruke standardar som til dømes NSRS (Nordic Sustainability Reporting Standard) og VSME (Voluntary Sustainability Micro-Enterprise Standard). NSRS er tilpassa nordiske forhold, medan VSME er ein frivillig EU-standard for små føretak. Desse standardane hjelper føretak med å fokusere på energieffektivitet, redusert avfall og ansvarlege innkjøp. Ved å følgje slike rammeverk kan små føretak møte krav frå større føretak og forbetre si eiga konkurranseevne, noko som gir ein enklare veg til berekraftig drift.
Føretakskategoriar og storleiksgrenser
Brønnøysundregistera – kven må rapportera om berekraft?
Rekneskapsloveaom berekraftsrapportering
Brønnøysundregistera – slik sender du inn berekraftsrapporten