Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Regnskap og revisjon
  4. Dokumentasjon av balansen (avstemmingar)

Dokumentasjon av balansen (avstemmingar)

Før du avsluttar rekneskapsåret må du sørgje for å avstemme alle rekneskapskontoar av betydning i balansen.

Formål med avstemming

Avstemming bidreg til å sikra nøyaktigheita i rekneskapen. Du skal kunne dokumentere kva som ligg bak kva enkelt saldo i balansekontoane. Dette er med på å sikre at dei opplysningane som vert gjevne i rekneskapen er korrekte.

Eksempel på avstemmingar:

  • Saldoen på rekneskapskontoen for bank må stemme med saldoen som kjem fram på kontoutskrifta frå banken
  • Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig arbeidsgjevaravgift skal stemme med det du faktisk er skuldig i følgje innsende a-meldingar
  • Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig meirverdiavgift, skal stemme med ubetalt meirverdiavgift for siste termin
  • Rekneskapskontoen for kasse skal stemme med det faktiske beløpet i kassa
  • Rekneskapskontoen for varelageret skal stemme med dei varene som faktisk er på lager. Dette vert dokumentert med lister frå vareteljing

Oppbevaring av dokumentasjonen

Vareteljingslister og alt som er med på å dokumentere balansepostane dine er ein del av rekneskapsmaterialet. Dette må du oppbevare i 5 år.