Reklamasjonsrett/klagerett ved sal til forbrukarar

Forbrukarkjøpslova gir kjøparen rett til å klage på vara om ho har ein feil/mangel. Mangel ved vara utløyser fleire rettar for forbrukaren.


Mangel etter forbrukarkjøpslova

Ein mangel etter forbrukarkjøpslova oppstår når ei vare ikkje oppfyller dei forventningane ein forbrukar med rimeleg grunn kan ha. Dette kan skuldast fleire faktorar, til dømes:

  • Funksjonssvikt: Vara fungerer ikkje slik ho skal.
  • Feil eller skadar: Vara har synlege eller skjulte feil eller skadar.
  • Avvik frå avtalen: Vara samsvarer ikkje med det som er avtalt mellom seljar og forbrukar, til dømes feil farge eller feil storleik.
  • Brott på lovnader: Vara lever ikkje opp til lovnadene seljar har gjeve.
  • Seljar har late vere å opplyse om viktige forhold.

Når vara har ein mangel, kan kjøpar krevje ny vare eller at vara blir reparert. 

Reklamasjonsfristen er vanlegvis to år, men kan vere fem år for varer som er meinte å vare vesentleg lenger.

Om mangelen ikkje blir retta innan rimeleg tid, kan kjøpar krevje prisavslag eller heve kjøpet, noko som inneber at kjøparen får pengane tilbake. Kjøparen kan òg ha rett til erstatning for økonomisk tap som følgje av mangelen. Om eit produkt fører til skade, kan kjøparen ha rett til erstatning for skaden.

Du som seljar kan velje å gje forbrukaren betre rettar enn dei som er fastsette i reklamasjonsreglane (garanti). Garanti er ei avtale mellom deg og forbrukaren.

Forbrukerrådet – informasjon om klagerett

Angrerett og reglar ved sal på internett/utanfor fast utsalsstad

Ved sal utanfor fast utsalsstad (til dømes på internett, dørsal eller telefonsal) har kjøpar 14 dagars angrerett. Dette tyder at kjøpar kan returnere vara og få pengane tilbake utan å oppgje nokon grunn. Kjøpar skal ha tydeleg informasjon om angreretten før kjøpet.

Om angrerett

Angreretten startar dagen etter at kjøpar har motteke vara. Du må gje kjøpar informasjon om retten til å angre, vilkåra, tidsfristar og framgangsmåte. Du må òg sende eit angrerettskjema til kjøparen. Om dette ikkje blir gjort, kan angrefristen bli forlenga opp til 12 månader.

Når eit varekjøp skal gjennomførast elektronisk, må du i tydeleg og framheva form gjere forbrukaren merksam på varas eigenskapar, den samla prisen inkludert avgifter og eventuelle tilleggskostnader som frakt umiddelbart før forbrukaren bestiller. Innen rimeleg tid etter avtaleinngåinga, og seinast ved levering, må du gje forbrukaren skriftleg stadfesting på  avtalen.

Forbrukertilsynet – om angrerettlova

Sal over telefon

Forbrukarar kan reservere seg mot telefonsal ved å registrere seg i Reservasjonsregisteret. Næringsdrivande må sjekke ringelistene sine mot dette registeret før dei kontaktar forbrukarar. Eit salstilbod på telefon må stadfestast skriftleg etter samtalen, og forbrukaren må deretter godkjenne tilbodet skriftleg for at avtalen skal vere bindande. Telefonsal skal ikkje vere påtrengjande eller aggressivt.

Forbrukartilsynet - rettleiing om telefonsal

Dørsal 

Det er forbode å drive med dørsal til forbrukarar som tydeleg seier nei til dette. Forbrukaren kan til dømes setje opp eit "Nei takk til dørsal"-skilt ved døra. Dørsal er alltid forbode mellom kl. 21.00 og 09.00, på laurdagar, heilagdagar og dagar som er likestilte med heilagdagar.

Forbrukartilsynet - rettleiing om dørsal

 

Åpne kontaktskjema