Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Drive bedrift
  4. Reelle rettshavarar

Reelle rettshavarar

Lov om reelle rettshavarar pålegg dei fleste verksemder å ha oversikt over og kunne dokumentere kven som er reelle rettshavarar i verksemda.

Register over reelle rettshavarar

Register over reelle rettshavarar skal ha oversikt over kven som er reelle rettshavarar i verksemda, og verksemda må registrere dei reelle rettshavarane i registeret.

Registeret er oppretta som eit tiltak for å motverke kvitvasking, terrorfinansiering og økonomisk kriminalitet. Formålet med registeret er å gi oversikt over kven som eigentleg kontrollerer verksemder.

Kva er ein reell rettshavar?

Ein reell rettshavar er ein fysisk person (norske og utanlandske statsborgarar) som gjennom sine eigardelar eller stemmerett, aleine eller saman med andre, kontrollerer verksemda. Overstig eigardelen eller stemmeretten 25 % er personen ein reell rettshavar. Også ein fysisk person som har rett til å utnemne eller avsette minimum 50 % av medlemmene i verksemda sine styrande organ er ein reell rettshavar.

Eigarskapet kan vere direkte eller indirekte gjennom andre selskap.

For aksjeselskap vil dei fleste finne kven som er verksemda sine reelle rettshavarar gjennom stiftelsesdokument, aksjeeigarbok eller aksjonæravtalar. Men andre avtalar kan også ha betydning for vurderinga. Det er leiinga som har ansvar for at verksemda oppbevarer, og seinare registrerer, opplysningar om kven som er verksemda sine reelle rettshavarar.