Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Drive bedrift
  4. Drift av aksjeselskap

Drift av aksjeselskap

Når du driv eit aksjeselskap er det ei rekke krav som du må ta stilling til. Krav til organisering kjem fram av aksjelova og det er dei same krava som blir stilte om selskapet er lite eller stort.

Organisering av aksjeselskap

Generalforsamlinga består av aksjeeigarane og utgjer øvste myndigheit i eit aksjeselskap. Alle aksjeselskap skal ha eit styre med eitt eller fleire medlemmer. Det er generalforsamlinga som vel styre. Styret har til oppgåve å forvalte og styre selskapet. Minst halvparten av styremedlemmene må vere busette i Noreg eller i ein annan EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Styret kan velje å tilsette ein dagleg leiar for å ta seg av den daglege drifta. Sjølv i små aksjeselskap skal det haldast
generalforsamling. I aksjeselskap med berre ein aksjeeigar er det ikkje uvanleg at same personen har alle dei nemnde rollene. Det vil seie at du er både aksjonær, styreleiar og dagleg leiar i selskapet.

Aksjeeigar

Aksjeeigar og aksjonær er uttrykk som blir brukt om dei som er eigarar av eit aksjeselskap. Eit aksjeselskap skal ha minst ein aksjeeigar. Det er ingen avgrensingar i kor mange som kan eige aksjar i eit aksjeselskap. Aksjar kan eigast av fysiske personar, juridiske personar og i sameige mellom fleire. Utgangspunktet er at alle aksjane gir lik rett i selskapet, men unntak frå dette kan komme fram av vedtektene.

Aksjekapital

I et aksjeselskap må stiftarane betale inn aksjekapital. Aksjekapitalen til selskapet skal vere på minimum 30 000 norske kroner. Aksjekapitalen kan seinare endrast ved kapitalauke eller kapitalnedsetting. Aksjekapitalen er ein verdi som kan vere kontantar eller eigedelar som kan seljast, og på den måten gjerast om til pengar. Aksjekapitalen kan også vere ein kombinasjon av pengar og eigedelar. Består aksjekapitalen av eigedelar blir dette kalla for tingsinnskot. 

Det er også mogleg å skyte inn aksjekapitalen i ein utanlandsk bankkonto, og da blir innskotet gjort i utanlandsk valuta. Innskoten aksjekapital blir da rekna som eit tingsinnskot og må stadfestast av ein norsk revisor.

Representasjonen til aksjeselskapet utetter

Styret representerer selskapet utetter og teiknar dets firma (signatur). Styret kan gi signatur eller prokura til styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte tilsette. Signatur og prokura kan bli gitt til ein eller fleire personar i fellesskap.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i alle samanhengar.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i samband med den daglege drifta.

Nærmare informasjon om signatur og prokura finn du på brreg.no.

Registrering eller endring av signatur og prokura melder ein via Samordnet registermelding.

Dagleg leiar kan representere aksjeselskapet utetter i saker som inngår i den daglege leiinga. Dette betyr saker som naturleg høyrer inn under selskapsdrifta. Saker som etter selskapet sine forhold er av "uvanleg art" eller har "mykje å seie" må behandlast av styret. 

Skatt for aksjeselskap

Det skal reknast 22 prosent skatt av overskotet i eit aksjeselskap. Skatten, som blir kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er tent.

Det skal først betalast forskot i 2 terminar i februar og april. Endeleg oppgjer skjer i oktober og er basert på skattemeldinga som er levert.

Generalforsamlinga i aksjeselskapet kan vedta å betale ut utbytte til selskapet sine aksjonærar. Generalforsamlinga bestemmer kor mykje som skal betalast ut per aksje. Utbytte til personlege aksjonærar blir skattlagt med 37,8 prosent, mens utbytte til selskapsaksjonærar er tilnærma null.

Konsern

Når eit aksjeselskap (morselskap) har bestemmande innverknad Med bestemmande innverknad meiner ein at morselskapet har meir enn 50 prosent av stemmene i det andre selskapet. i eit anna aksjeselskap (dotterselskap) er det eitt konsern.

Morselskapet i eit konsern kan velje bort revisjon av årsrekneskapen dersom konsernet totalt sett oppfyller vilkåra for å velje bort revisjon.

Morselskap i konsern må i tillegg til selskapsrekneskapen utarbeide konsernrekneskap. Konsernrekneskapen består av rekneskapane til mor- og dotterselskapa samla. Hensikta er å vise konsernet som ei økonomisk eining. Små føretak er som hovudregel unntatte plikta til å utarbeide konsernrekneskap.

Holdingselskap

I nokre tilfelle kan det vere formålstenleg å starte eit aksjeselskap som skal etablere og eige aksjar i eit eller fleire andre selskap. Det første selskapet, som blir kalla holdingselskap, blir berre etablert for å eige aksjar i andre aksjeselskap og forvalte avkastninga. Det (eller dei) andre selskapet er normalt driftsselskap, og det er her den økonomiske verksemda skjer.

Det er særleg to grunnar til å starte eit holdingselskap:

  • Det bidrar til å spre risikoen ved at ein driftar forskjellige verksemder i forskjellige selskap.
  • Gevinsten frå eventuelt framtidig sal av verksemder, og utbytte, vil vere tilnærma skattefri hos holdingselskapet.

Dersom holdingselskapet reinvesterer alle inntektene frå driftsselskapet vil dei betale tilnærma null i skatt (skattlegging av selskap som aksjeeigarar). Vel holdingselskapet derimot å betale ut overskotet til dei personlege aksjeeigarar, vil dette skattleggast med 22 prosent. Fordelen ved å ha eit holdingselskap, kontra å eige aksjane privat, ligg altså i moglegheita til å utsette full skattlegging.

Allmennaksjeselskap (ASA)

Nokre aksjeselskap blir gjorde om til allmennaksjeselskap. Det er mange likskapar mellom reglane for aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Her er nokre sentrale forskjellar:

  • I motsetning til eit aksjeselskap, kan aksjar i eit allmennaksjeselskap seljast til ein ubestemd krets menneske, til "ålmenta". Eit eksempel på aksjesal til ålmenta er kjøp og sal av aksjar på børsen.
  • Ein føresetnad for børsnotering er at selskapet er registrert som allmennaksjeselskap.
  • Allmennaksjeselskap har normalt langt fleire aksjeeigarar enn eit aksjeselskap.
  • Aksjar i allmennaksjeselskap skal registrerast i verdipapirregisteret.
  • Eit allmennaksjeselskap må ha ein aksjekapital på minimum ein million kroner, og eit styre på minst tre medlemmer. Selskapet er pålagt å ha dagleg leiar og revisor
  • Det må gå fram av vedtektene at selskapet er eit allmennaksjeselskap. I tillegg må føretaksnamnet enten innehalde heile ordet "allmennaksjeselskap" eller forkortinga "ASA".

Minimumskrava til vedtekter i allmennaksjeselskap er meir omfattande enn for aksjeselskap. Ei omdanning frå aksjeselskap til allmennaksjeselskap vil derfor føre til vedtektsendringar. Organisasjonsnummeret vil likevel vere det same. 

Trenger du hjelp?

Ring oss og få gratis veiledning:

800 33 840