Aksjekapital
Kva er aksjekapital?
Aksjekapitalen skal vere minimum 30 000 norske kroner. I aksjeselskapet sitt stiftelsedokument med vedtekter skal det stå kor stor aksjekapitalen er, kven som eig kvar enkelt aksje og kva kvar enkelt aksje skal koste. Aksjekapitalen som er ein del av eigenkapitalen til selskapet kan nyttast, men selskapet skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg. Om selskapet har ein forsvarleg eigenkapital er ei vurdering som styret må gjere. Litt forenkla sagt betyr dette at selskapet skal ha nok pengar til å betale kostnadene sine.
Finansiering av aksjeselskap
Nye aksjeselskap går sjeldan med overskot frå dag ein. Dette betyr at selskapet kan få behov for pengar ut over minimumskravet til aksjekapital for å dekke forpliktingane til selskapet. Må aksjeselskapet ta opp lån, kan minimum aksjekapital gi for dårleg sikkerheit til at banken vil innvilge lån til selskapet. Ytterlegare finansiering skjer da normalt gjennom ein auke av aksjekapitalen, eller gjennom lån til selskapet. Finansieringa kan skje internt frå aksjeeigarane eller ein kan tilby eksterne å kjøpe aksjar eller yte lån.
Auking av aksjekapital
Å auke aksjekapitalen ut over minimumskravet kan i mange tilfelle vere fornuftig, fordi ein auka aksjekapital tilfører pengar til selskapet, gir auka kredittverdigheit og viser soliditet. Auking av aksjekapitalen må følge reglane om auke av aksjekapital.
Kort oppsummert betyr dette følgande:
- Styret fremmer forslag om kapitalutviding for generalforsamlinga
- Generalforsamlinga avgjer kapitalauke (+ For informasjon om kva avgjerda må innehalde, sjå lenka Brønnøysundregistera om auke av aksjekapital)
- Sidan det må gjerast endringar i antal aksjar, eventuelt aksjen sin pålydande, må vedtektene endrastInnbetalt aksjekapital må stadfestast av revisor, rekneskapsførar, finansinstitusjon eller advokat (det står regnskapsfører to ganger på bokmål)
- Kaitalauken må meldast til Føretaksregisteret innan 3 månader etter teikningsfristen er gått ut. (Vedleggskrav til Samordna registermelding, sjå lenke Brønnøysundregistera om auke av aksjekapital)
- Når kapitalauken er gjennomført, må styret oppdatere aksjeeigarboka
Overkurs
Innbetaling av overkurs betyr at aksjeeigarane betalar inn eit beløp pr. aksje som overstig verdien til aksjen. Overkurs er ikkje regulert i aksjelova, men inngår i den frie eigenkapitalen kapital som eigarane har tilført som overkurs eller som har blitt tent opp gjennom overskot i drifta.
I samband med blant anna stiftelse av aksjeselskap, auking av aksjekapital og fusjon/samanslåing av aksjeselskap, kan selskapet vedta å betale inn overkurs.
Lån frå aksjeeigar
Skal aksjeselskapet låne pengar må det ligge føre ein låneavtale. Dette gjeld også når långivaren er aksjeeigar i selskapet. Lån frå ein aksjeeigar kan vere formålstenleg sidan selskapet ikkje treng å følge reglane om kapitalauke. Lånet blir rekna som fri eigenkapital og kan fritt brukast til drifta av aksjeselskapet. Lånet må vere reelt og det må ligge føre ein avtale mellom partane.
Fordelar ved å gi selskapet lån er at ein kan tilpasse tilbakebetalinga til den økonomiske situasjonen til selskapet. Renter kan utbetalast til långivaren utan å vere nøydd til å følge reglane om utbytte i aksjelova. Långivar vil normalt vere ein usikra kreditor, noko som betyr at ein ikkje har garanti for lånet sitt. I ein situasjon der aksjeselskapet ikkje kan gjere opp låna sine, så vil usikra kreditorar ikkje få igjen pengane sine.
Anna oppkapitalisering
Andre former for finansiering etter aksjelova kan vere:
- lån med rett til å krevje utferda aksjar eller konverteringsrett
- teikningsrettsaksjar
- frittståande teikningsrettar
Regelverket er til dels svært omfattande. Det kan derfor vere greit å søke hjelp dersom det er aktuelt å nytte seg av moglegheitene for å tilføre kapital.
Nedsetting av aksjekapital
Aksjekapitalen i eit selskap kan settast ned etter vedtak av generalforsamlinga. Aksjekapitalen kan likevel ikkje settast ned til under 30 000 norske kroner, som er grensa for minste aksjekapital. Nedsettingsbeløpet kan brukast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte, utdeling til aksjeeigarane, sletting av selskapet sine eigne aksjar, eller avsetting til fond. Informasjon om korleis vedta og registrere nedsetting av aksjekapitalen finn du på nettsidene til Brønnøysundregistera.