Korleis melde flytting, ny bankkonto og andre endringar?
Dersom verksemda di flyttar, får nye styremedlemmer, ny bankkonto eller liknande, må du sørge for at desse endringane blir registrerte. Kor du skal melde endringane varierer avhengig av kva som skal endrast.
Endring av kontaktinformasjon/beskiving av verksemda/styremedlemmer eller aktivitet
Endring av adresse, telefon, e-postadresse, føretaksnamn, aktivitet, beskriving av verksemda og styremedlemmer melder du via skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Skal bedrifta flytte eller endre postadresse må dette i tillegg meldast til Posten.
Skatteetaten – registrera eller endra kontonummer i Meirverdiavgiftsregisteret
Skatteetaten – registrere eller endre kontonummer for utbetalingar frå Skatteetaten
Endre bankkontonummer for refusjonar frå NAV
For å endre kontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar loggar du inn på tenesta "Bankkontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar".