Styringsrett og medråderett
Arbeidsgivaren har rett til å ta avgjerder i verksemda gjennom arbeidsgivaren sin styringsrett. Dei tilsette har likevel ei medråderett som inneber at dei skal ha innverknad på avgjerder som vert tekne.
Arbeidsgivaren sin styringsrett
I styringsretten ligg retten til å organisere, leie, fordele og kontrollere arbeidet og å tilsetje og seie opp arbeidstakarar. Styringsretten er ikkje lovfesta, men ligg til grunn i alle arbeidsforhold og er akseptert i rettspraksis. Styringsretten er avgrensa av arbeidsavtalen, eventuelle tariffavtalar, praksis og ei rekkje lover, som for eksempel arbeidsmiljølova, ferielova, likestillingslova og folketrygdlova.
Arbeidstilsynet om arbeidsgivers styringsrett og endringsoppsigelse
Tilsette sin medråderett
Arbeidstakarane har medråderett ved avgjerder som er av betyding for arbeidsforholdet. Prinsippet om medråderett er fastslege i Grunnlova. Medråderetten er også teken inn i andre lover. Eksempelvis følgjer det av arbeidsmiljølova at arbeidstakarane skal medverke ved utforminga av system som vert bruka ved planlegging og gjennomføring av arbeidet. Alle verksemder med meir enn 30 arbeidstakarar skal oppretta eit arbeidsmiljøutval (AMU). Alle verksemder med meir enn fire arbeidstakarar skal ha verneombod som skal ta vare på arbeidstakarane sine interesser i saker som gjeld arbeidsmiljøet.
Arbeidstilsynet om arbeidsgivers plikt til å sørge for medverknad
Arbeidstilsynet om arbeidsmiljøutval (AMU)
Arbeidstilsynet om verneombodet sine oppgåver og roller
Arbeidstilsynet om tillitsvalgt
Arbeidsmiljøloven om krav til medverknad
Arbeidsmiljølova om verneombod