Heimekontor i utlandet

Arbeidstakar kan ikkje på eige initiativ ta med seg jobben til heimekontor/kontor i feriebustad eller liknande i utlandet. Det er opp til deg som arbeidsgivar å bestemme om du vil gi arbeidstakar løyve til å arbeide frå utlandet.


Når du har arbeidstakarar som har heimekontor i utlandet

Det er fleire ting du som arbeidsgivar må vera klar over dersom det er aktuelt at ein eller fleire av arbeidstakarane dine skal jobba heilt eller delvis frå heimekontor. Dersom dei skal jobba frå heimekontor i utlandet må du forhalda deg til fleire reglar.

Lønn opptent mens arbeidstakar er i utlandet må innrapporterast som lønn opptent i utlandet med oppføring av landskode.

Arbeidsgivar må som hovudregel trekkje skatt, innbetale arbeidsgivaravgift, og innrapportere dette via a-meldinga. Dersom ein har arbeidstakarar som jobbar frå heimekontor i utlandet, kan dette i skattesamanheng få betydning for både verksemda og arbeidstakar. Det kan òg få konsekvensar for trygderettane til arbeidstakar, pensjon og forsikringar. Det er viktig å avklara dette med Nav og eventuelt teikna nødvendige forsikringar.

For deg som arbeidsgivar kan det oppstå plikt til å registrere verksemda i landet der den tilsette arbeidaren er på heimekontor.

Viss arbeidstakaren skal jobbe i utlandet lenger enn ein månad må arbeidsgivar og arbeidstakar inngå ein skriftleg arbeidsavtale før avreise. I tillegg til dei vanlege minimumskrava til innhald i arbeidsavtale, skal avtalen spesifisere kor lenge arbeidet skal utførast i utlandet, kva valuta lønna skal utbetalast i, eventuelle kontant- og naturalytingar knytt til utanlandsarbeidet, og eventuelt vilkåra for heimreise til arbeidstakaren.

Skatteetaten om norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet

Nav om å jobbe i EØS eller Sveits

Nav om å jobbe i land Noreg har trygdeavtale med

Nav om å jobbe i land Noreg ikkje har trygdeavtale med

Åpne kontaktskjema