Heimekontor - kva må du som arbeidsgivar tenkje på?

Viss det er aktuelt at ein eller fleire av arbeidstakarane dine skal jobbe heilt eller delvis frå heimekontor, er det fleire ting du som arbeidsgivar må vere merksam på.


Dette må du vere klar over om heimekontor:

1. Arbeidstakar kan ikkje krevje å arbeide frå heimekontor

Arbeidstakar kan ikkje krevje å arbeide frå heimekontor, og arbeidsgivar kan ikkje påleggje ein arbeidstakar å jobbe heimanfrå. Som arbeidsgivar har du likevel ein generell og ei individuell tilretteleggingsplikt for arbeidstakarane dine. Bruk av heimekontor kan vere eit av fleire moglege tilretteleggingstiltak. Viss arbeidstakar skal jobbe heimanfrå, må det finnast ein avtale om det/arbeidsgivar og arbeidstakar må vere samde om det. Viss heimearbeidet berre skjer sporadisk, kan partane bli samde om dette i det enkelte tilfellet. 

2. Krav om skriftleg avtale om heimekontor ved heimekontor over ein lengre periode

Viss det skal jobbast frå heimekontor som ei fast ordning, må det inngåast ein eigen skriftleg avtale om heimekontor. Sporadisk heimearbeid - det vil seie arbeid som skjer av og til, men ikkje i stort omfang og ikkje som fast ordning, krev ikkje eigen skriftleg avtale. Arbeidsgivar må vurdera om heimearbeidet er ein del av ei fast ordning. Viss arbeidstakar berre skal jobbe frå heimekontor, må det alltid inngåast skriftleg avtale om heimearbeidet. Avtalen skal sikra klarheit og forutsigbarheit for begge partar, og må alltid innehalde følgjande: 

- omfanget av heimearbeidet
- arbeidstida som gjeld for heimearbeidet
- kor lenge avtalen varer, viss han er mellombels
- eigarskap til drift og vedlikehald av utstyr

Viss avtalen er mellombels, må varigheit/sluttdato angivast.

Arbeidstilsynet om fast ordning/kortvarig eller sporadisk heimekontor

Arbeidstilsynet - mal for avtale om heimearbeid/heimekontor

3. Arbeidstakar skal ha eit fult forsvarleg arbeidsmiljø 

Som arbeidsgivar har du plikt til å sørgje for at arbeidstakar har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, også når det jobbast frå heimekontor. Dette betyr mellom anna at ved heimekontor som fast ordning må arbeidstakar ha nødvendig utstyr for å utføre jobben, og at du som arbeidsgivar, så langt det er praktisk mogleg, skal forsikre deg om at arbeidsforholda på heimekontoret er fullt forsvarlege. Med nokre få unntak (arbeidsmiljølova kapittel 2, kapittel 3 bortsett frå § 3-1, og kapittel 4) gjeld reglane i arbeidsmiljølova også for heimearbeid. Reglane for arbeidstid gjeld òg for heimearbeid.

Arbeidstilsynet om ansvar for eit forsvarleg fysisk og psykososialt arbeidsmiljø ved heimekontor

Arbeidstilsynet - korleis utforme kontoret

4. Avklar kva utstyr som blir kravd, og sett deg inn i skattereglane

Arbeidsgivar og arbeidstakar må avklare om arbeidsgivar skal dekkje eventuelle kostnader knytt til heimekontoret. Viss du som arbeidsgivar dekkjer utstyr til heimekontor, mat på heimekontoret, eller reiser ut frå heimekontoret har dette skattemessige konsekvensar.  

Arbeidstakar har normalt ikkje rett til skattefrådrag for kostnader knytt til heimekontoret. Slike kostnader vil inngå i minstefrådraget som alle arbeidstakarar får. 

Skatteetaten om heimekontor og skatt

Skatteetaten - sats for trekkfri og skattefri utgiftsgodtgjersle

5. Skade som skjer på heimekontor blir normalt ikkje regna som yrkesskade 

I motsetning til skade som skjer under arbeid på arbeidsstaden, vil skadar som skjer mens arbeidstakar er på heimekontor normalt ikkje blir sett på som yrkesskade. Dette betyr i praksis at ein ikkje får erstatning ved skadar på heimekontor, viss ein sjølv har valt å jobbe på heimekontor av praktiske årsaker. Viss ein skal vere sikker på at ein er forsikra ved skadar på heimekontor, må arbeidsgivar kontakte forsikringsleverandør for å avklare om yrkesskadeforsikringa gjeld for tilsette på heimekontor, eventuelt teikne eiga forsikring som gjeld for heimekontor. 

Obligatoriske og frivillige forsikringar

NAV - rundskriv - sjå overskrifta "I arbeid på heimekontor"

6. Arbeidsgivar har ikkje tilgang til heimekontoret

Arbeidsgivar eller verneombod kan ikkje krevje å få tilgang til heimekontoret til arbeidstakar. Einaste unntak er viss det er inngått særskild avtale om dette. Arbeidstilsynet kan ikkje føre tilsyn i private heimar, men kan kontrollere om det er inngått skriftlege avtalar om bruk av heimekontor, og om heimekontor er med i risikovurderinga til arbeidsgivar av arbeidsmiljøet. 

7. Dine plikter som arbeidsgivar 

Pliktene du har som arbeidsgivar gjeld også for arbeidstakarar på heimekontor.

Heimekontor i utlandet

Åpne kontaktskjema