Sjukepengar for frilansarar
Når får du sjukepengar som frilansar
Som frilansar får du 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukedag. (Til samanlikning får ein arbeidstakar 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukedag). Dei første 16 dagane vert talde frå du oppsøkjer lege eller Nav får melding om arbeidsuførleiken.
Dersom du har inntekt både som frilansar og arbeidstakar, vert sjukepengane utbetalte etter reglane for arbeidstakarar.
Frivillig sjukepengeforsikring for frilansarar
Det er mogleg å teikne frivillig sjukepengeforsikring gjennom Nav for å oppnå 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukedag.
Premien for sjukepengeforsikringa er 3,3 prosent av forventa årsinntekt.
Også for den frivillige sjukepengeforsikringa gjeld ei øvre grense for sjukepengegrunnlaget på seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp (6 G). Dette betyr at du ikkje får dekning via forsikringa for inntekter over 6 G.
Premien for frivillig sjukepengeforsikring kan trekkjast frå på skattemeldinga.