Ferie

Alle arbeidstakarar har krav på minst fire veker + ein dag ferie kvart år. Arbeidstakarar som har fylt 60 år skal ha ei veke ekstra. Det kan avtalast meir ferie enn det som følgjer av lova. Mange arbeidstakarar har avtalar ( tariffavtale eller annan avtale) som gir dei rett til fem veker ferie.


Plikt til å ta ut ferie

Som arbeidsgivar må du passe på at dei som jobbar for deg tar ut all lovbestemd ferie i løpet av året. Dersom du ikkje gir dei tilsette ferie, kan du måtte betale erstatning. Arbeidstakar har også plikt til å ta ut ferien sin. All lovbestemd ferie som ikkje er tatt ut i løpet av året, skal overførast til neste år. Ferien skal bli tatt ut som fridagar, ikkje som pengar.

Ferielova

Arbeidstilsynet om ferie

Tidspunkt for uttak av ferie og drøfting av ferielister

Arbeidsgivaren og arbeidstakaren må drøfte ferietidspunktet og ferielistene i god tid før ferien. Dersom de ikkje blir einige, er det du som arbeidsgivar som bestemmer når ferien skal avviklast. Alle arbeidstakarar har rett til minst tre veker samanhengande ferie i perioden 1. juni til 30. september. Resten av den lovbestemde ferien (1 veke + ein dag) skal også vere samanhengande dersom arbeidstakaren ønsker det. Arbeidstakarane kan krevje å få vite tidspunkta for ferieavvikling minst to månader før ferien skal starte.

Ferielova om tidspunkt for ferie

Ferielova om lengda i ferien

Ferie, deltid og skiftarbeid

Arbeidstakarar som jobbar deltid eller skift kan ikkje krevje at ferien berre skal leggjast på arbeidsdagane. Har ein arbeidstakar eksempelvis ei veke ferie, blir dette talt som seks yrkedagar (laurdag blir rekna som yrkedag i ferielova), sjølv om personen berre skulle jobbe to dagar den veka.

Overføring av ferie og uttak av ferie på forskot

Dersom partane er einige om det, kan inntil to veker av den lovbestemde ferien overførast til neste år. Det er også tillate å ta ut inntil to veker ferie på forskot. Reglane om overføring av ferie og forskotsferie kan fråvikast ved tariffavtale eller annan avtale. Der det er avtalt ferie ut over det som er lovbestemt, kan arbeidsgivaren og arbeidstakaren avtale at også dei ekstra feriedagane kan overførast til året etter.

Utbetaling av lønn i staden for lovbestemd ferie

Det er normalt ikkje tillate å utbetale lønn i staden for å gje lovbestemd ferie. Unntaket er utbetaling av feriedagar til gode når ein tilsett sluttar.

Ferie hos ny arbeidsgivar

Arbeidstakarar som sluttar i jobben og ikkje har brukt opp all ferien sin det året, og byrjar hos ny arbeidsgIvar før 30. september same år, har rett til å ta dei resterande feriedagar hos ny arbeidsgivar.

Les meir: 

Ferieavvikling ved sjukdom, under foreldrepermisjon og i oppseiingstid

Feriepengar

Åpne kontaktskjema