Forskotstrekk/skattetrekk lønn
Skattekort
Alle arbeidsgjevarar er ansvarlege for å laste ned skattekortet til dei tilsette. Dette gjer du på skatteetaten.no eller i Altinn. Det er to måtar å gjere dette på, i eller utanfor eit lønnssystem.
Skjema "RF-1307 Skattekort til arbeidsgivar" vert bruka for å hente skatte
kort for tilsette utan å gå via eit lønnssystem.
Skjema "RF-1211 Skattekort til arbeidsgivar – innsending frå system" vert bruka for å hente skattekort via eit lønnssystem. Du må sjølv undersøkje om lønnssystemet du brukar støttar denne Altinn-tenesta.
I januar det følgjande året kan du bruka skattekortet frå førre år ved lønnskøyringa.
Rapportering og betaling
Forskotstrekk (skattetrekk) forfell til betaling første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga og skal betalast direkte til Skatteetaten.
Arbeidsgjevaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.
Regelen om kravet til å oppretta eigen skattetrekkskonto for innbetaling av skattetrekk vart oppheva frå 1. januar 2026.