Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift

Som arbeidsgjevar må du rekne ut og betale forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift av lønnsutbetalingar. Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift vert gjort seks gonger i året

Fristar for betaling

1. termin – 15. mars
2. termin – 15. mai
3. termin – 15. juli
4. termin – 15. september
5. termin – 15. november
6. termin – 15. januar

Fell fristen på ei helg eller ein helligdag er det første kvardag etter fristen som gjeld.

Grunnlag

Grunnlaget for kva du skal betale finn du i a-meldinga som du har levert dei to føregåande månadene.

Kven skal du betale til?

Betalinga vert som hovudregel gjort til Skatteetaten. Når du leverer a-meldinga får du ei tilbakemelding der kontonummer, KID og kven du skal betale til går fram. Tilbakemeldinga finn du i "Innboksen" i Altinn eller i lønnssystemet. Du må sjølv summere dei to månadene før betaling.

Skatteetaten om betaling av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift