A-meldinga — rapportering av lønn og tilsette
Månadleg rapportering
Som arbeidsgjevar har du blant anna plikt til å:
- Melde start, endring og opphøyr av arbeidsforhold til Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret).
- Rapportere lønn og andre ytingar til Skatteetaten og NAV.
- Levere opplysningar til Statistisk sentralbyrå (SSB).
Desse opplysningane skal du rapportere gjennom a-meldinga.
Fristar
A-meldinga skal sendast inn kvar månad. Fristen for å levere er den 5. i månaden etter tilsetjinga eller utbetalinga av lønna eller ytinga. Dersom den 5. er helg ellerheilagdag, er fristen første yrkedag etter. Leverer du ikkje a-meldinga, eller leverer ho med feil, kan du bli ilagd tvangsmulkt.
Organisasjonsnummer for a-meldinga
I a-meldinga skal du identifisere føretaket ditt ved å oppgi organisasjonsnummeret på hovudeininga. Om du har tilsette, skal du også oppgi organisasjonsnummeret for undereininga(Ei undereining identifiserer aktiviteten hovudeininga driv) som den tilsette er knytt til i føretaket.
Du finn organisasjonsnummeret til undereininga ved å søkje på "Søk i verksemdopplysningar" på brreg.no og deretter velje "Tilknytte verksemder" nedst på sida.
Registrering som arbeidsgjevar
Når du sender inn a-meldinga blir bedrifta automatisk registrert som arbeidsgjevar i Aa-registeret hos NAV.
Registrering av arbeidsforhold
Når du sender inn den første a-meldinga vert den tilsette automatisk registrert som arbeidstakar i Aa-registeret. Arbeidstakaren vil vere registrert som arbeidstakar i verksemda di heilt til du melder ein sluttdato. Du må levere a-meldinga kvar månad inntil arbeidsforholdet stansar, sjølv om du ikkje betalar ut lønn.
Sporadisk tilsette
Har du sporadisk tilsette med arbeidsforhold som ikkje er avslutta, må du sende inn a-meldinga sjølv om det ikkje har vore nokre lønnsutbetalingar i perioden. Opplysningar om arbeidsforholdet skal sendast inn så lenge det ikkje er avslutta. Dersom du veit at utbetalinga er ei eingongsutbetaling kan du setje start- og sluttdato i same melding.
Rapportering av permitteringar
Dersom den tilsette er permittert skal du oppgje dette i a-meldinga. Oppgje datoen permitteringa startar og gjenta startdatoen i kvar a-melding så lenge permitteringa varar. Lønnspliktdagar skal inngå i permitteringsperioden.
Innsyn i Aa-registeret
Arbeidsgjevarar kan til kvar tid sjå kva som er registrert i Aa-registeret via "Min side - arbeidsgiver" på NAV. Under "Arbeidsforhold" ligg ei oversikt over alle tilsette og informasjon om arbeidsforholda. Informasjonen vert henta frå det som er rapportert i a-meldinga. Dersom du finn feil i opplysningane må du sjølv korrigere opplysningane gjennom a-meldinga.
Som arbeidsgjevar skal du etter årets slutt, innan 1. februar, gje inntektsmottakaren ei årleg samanstilling over alle rapporterte opplysningar. Samanstillinga skal i tillegg vise feriepengegrunnlaget, forskotstrekk og tilsettnummer bruka til å identifisere den tilsette i systema dine. Det er ikkje noko formkrav til korleis samanstillinga skal sjå ut, berre til innhaldet.