Personar og bedrifter som innfører varer til Noreg, må på tidspunktet for innførsla ha eit ID-nummer som kan brukast i deklareringssystemet TVINN.

Start teneste

Om denne tenesta

Personar eller verksemder som ikkje har gyldig norsk Id-nummer, må søkje om TRK når dei skal deklarere ei vare hos Tolletaten. Desse må søkje Tolletaten om TRK-nummer:

  • Personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer. Eit D-nummer er eit mellombels ID-nummer. Les meir om D-nummer hos Skatteetaten
  • Personar som har norsk fødselsnummer eller D-nummer, men har meldt flytting frå Noreg og er eller nyleg har vore busette i utlandet
  • Bedrifter som ikke har norsk organisasjonsnummer fra Foretaksregisteret

Dersom du allereie har eit TRK-nummer, kan du bruke dette og treng ikkje å søkje på nytt.

Skjemaet skal brukast av privatpersonar og verksemder som skal deklarere varer på eigne vegner. Alternativt kan skjemaet fyllast ut og sendast inn av ein speditør, transportør, advokat eller annan person som representerer vedkomande som treng TRK-nummer.

Privatpersonar som søkjer på vegner av andre, må leggje ved fullmakt frå vedkomande som søkjer om TRK. Advokatar treng ikkje leggje ved fullmakt, men må oppgi namnet på advokatfirmaet sitt.

Vi tilrår at du loggar inn i Altinn med rolla «Regnskapsmedarbeider». Då lagrar du skjemaet i arkivet til firmaet. Du kan sjekke hvilke roller du har for ein aktør på sida Profil. Viss du bruker den personlege brukaren din vil ingen andre enn deg kunne sjå skjemaet i arkivet.

Dersom du ikkje har norsk personnummer eller D-nummer, kan du opprette ein eigen brukar.

Det er viktig at du legg ved all nødvendig dokumentasjon, slik at Tolletaten kan behandle søknaden din. Manglande vedlegg kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

For privatpersonar må følgjande leggjast ved søknaden:

  • Kopi av gyldig ID (t.d. pass)
  • Fortollingsdokument, faktura eller fraktsetel knytt til dei aktuelle varene
    Viss du skal innføre flyttegods privat legg du ved utfylt flyttegodserklæring som du finn her.


For verksemder må følgjande leggjast ved søknaden:

  • Faktura/fraktbrev som viser sendinga med rett ID-nummer, TIN/TNI/EORI/UEI eller DUNS osv. og heimlandet til verksemda
  • Dersom ID-nummeret ikkje går fram av fakturaen/fraktbrevet, må det leggjast ved eit dokument som stadfestar ID-nummeret til verksemda. Dette kan vere ein firmaattest frå eit utanlandsk offentleg firmaregister med deira utanlandske organisasjonsnummer

Godkjende filformat for vedlegg hos Tolletaten er .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx

Prosessen for å sende inn dette skjemaet består av tre trinn:

  • Utfylling
  • Innsending
  • Kvittering


Utfylling

Utfyllinga er tredelt. Det er viktig at du gir så detaljert informasjon som råd når du fyller ut skjemaet.

  1. I del 1 legg du inn informasjon om søkjar /  kontaktinformasjon
  2. I del 2 lastar du opp vedlegg til søknaden
  3. I del 3 kan du gi samtykke, leggje inn ei erklæring og kome med eventuelle tilleggsopplysningar til søknaden


Innsending

Innsending skjer når du klikkar på knappen «Send inn». Skjemaet blir då lagra i arkivet ditt og sendt til Tolletaten.

Kvittering

Du får ei kvittering med referansenummer frå Altinn.

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema