Som godkjend eksportør kan verksemda få økonomiske fordelar som å utferde opphavserklæring (fakturaerklæring) utover eksportverdi og utan underskrift ved eksport.

Start teneste

Om denne tenesta

Om du skal eksportere varer og nytta deg av Noregs frihandelsavtalar, og har tilstrekkeleg kunnskap til å vurdere at eitt eller fleire av dine produkt oppfyller krava til Noregs frihandelsavtalar.
Dersom du er autorisert som godkjend eksportør og ønskjer å fornya din autorisasjon.

Berre dei som er registrerte i føretaksregisteret

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Du kan sjekke kva roller du har på profilen din. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.

Det vil variere ut frå kompleksiteten til eksportproduktet kva dokumentasjon som krevst.

Dette inneber i hovudsak:

  • Innførselsdeklarasjon med tilhøyrande faktura og eventuelt preferanseopphavsbevis for innført innsatsmaterial.
  • Utførselsdeklarasjon med tilhøyrande produktfaktura. Preferanseopphavsbevis for vidaresal.

Dokument som ikkje skal leverast:

  • Certificate of Origin (CCO) / Catch Certificate

Godkjende filformat for vedlegg er: .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, .xlsx

Som godkjend eksportør kan verksemda få økonomiske fordelar som å utferde opphavserklæring (fakturaerklæring) utover eksportverdi og utan underskrift ved eksport. Les meir om godkjend eksportør

For at du skal kunne autoriserast som godkjend eksportør, blir det stilt krav til at du har god kunnskap om reglane for preferanseopphav som gjeld for Noregs frihandelsavtalar. Les meir om frihandelsavtalar her.

Om du er usikker på reglane og dokumentasjonskrava som gjeld i samband med utferding av preferanseopphavsbevis (EUR 1, Opphavserklæring (fakturaerklæring), Nasjonal Leverandørerklæring), finn du ei oversikt over vanlege spørsmål og utfordringar her: Spørsmål og svar om opphav – Tolletaten

 

Når skjemaet ditt er sendt inn vil du få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Dette referansenummeret kan brukast når du skal sende inn ny informasjon til di eksisterande sak. Dersom du har behov for å ettersende informasjon kan du gjere dette via skjemaet «Pågåande sak hos Tolletaten».

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema