AEO står for «Authorised Economic Operator», på norsk: «godkjend økonomisk aktør» 

AEO er ein autorisasjon som Tolletaten kan tildele norske føretak som driv med grensekryssande vareførsel.

Start teneste

Om denne tenesta

Dette skjemaet må fyllast ut dersom føretaket ditt ønskjer å søkje om AEO-autorisasjon. AEO er ein autorisasjon som Tolletaten, etter søknad, kan tildele norske føretak som driv med grensekryssande vareførsel. Ein AEO-autorisasjon gir føretaket visse fordelar i form av forenklingar knytt til kontakten som føretaket har med Tolletaten. I tillegg gir AEO-status ei rekkje indirekte fordelar.

Tolletaten kan berre AEO-autorisere norske føretak som er registrerte i Føretaksregisteret. Som norsk føretak reknar ein alle føretak som har hovudkontor i Noreg.

Du kan lese meir om AEO her.

Vi gjer merksam på følgjande:

For å få AEO autorisering er eitt av vilkåra at føretaket, og sentrale personar i føretaket, har hatt ei tilfredsstillande etterleving av vareførsels-, skatte- og avgiftslovgivinga. Vidare blir det stilt krav til at desse aktørane ikkje har vore innblanda i alvorlege straffbare forhold knytt til deira økonomiske verksemd. Tolletaten innhentar opplysningar frå Skatteetaten, og ber om vandelsopplysningar frå politiet, for å kontrollere at vilkåret til etterleving knytt til desse aktørane er oppfylte.

Sjå her for meir informasjon om etterleving:

Vareførselsforskriften §7-7-2 på Lovdata

Kapittel 1.2. punkt 10 i egenvurderingsskjemaet

Punkt 1.2 i AEO kriteriedokumentet

Skjemaet skal brukast når eit norsk føretak ønskjer å søkje om AEO-autorisasjon frå Tolletaten.

Du finn meir informasjon om AEO her.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Du kan sjekke kva roller du har på profilen din. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.

Ved søknad om AEO-autorisasjon må det leggjast ved eit komplett utfylt eigenvurderingsskjema for AEO. Vi anbefaler at de les gjennom dokumentet «Kriterium for AEO-autorisering» før de fyller ut eigenvurderingsskjemaet. Eigenvurderingsskjemaet kan lastast ned frå nettsida vår her. Dokumentet «Kriterium for AEO- autorisering» finn de her.

 

  • I tillegg må de sende oss dokument som beskriv og dokumenterer følgjande:
  • Oversikt over alle av lokasjonane til føretaket
  • Oversikt med fullstendige opplysningar over alle som sit i leiinga og styret til føretaket
  • Oversikt over dei største aksjonærane/eigarane til føretaket og eigardelane deira
  • Dokumentasjon på eventuelle andre autorisasjonar og sertifiseringar
  • Utfyllande beskrivingar av korleis den interne organiseringa av føretaket ser ut
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på eventuelle funksjonar som er sette ut
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på rutinar og prosedyrar knytt til IT-tryggleik, IT-system og dokumenttryggleik
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på rutinar og prosedyrar knytt til lagerverksemd og logistikksystem
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på rutinar og prosedyrar knytt til internkontroll, inkludert rutinar for handtering av avvik
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på rutinar knytt til handtering av tollprosedyrar
  • Utfyllande beskrivingar og dokumentasjon på rutinar og prosedyrar knytt til tryggleik
  • Oversikt over tryggleikstiltaka som er avtalte mellom føretaket og forretningskontaktane

Godkjende filformat for vedlegg er: .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, .xlsx.

Prosessen for å sende inn dette skjemaet består av tre trinn:

 

  1. Utfylling
  2. Signering og innsending
  3. Kvittering

 

Utfylling

Utfyllinga er delt inn i 11 delar. Det er viktig at du gir så korrekt og detaljert informasjon som råd når du fyller ut skjemaet.

 

  • I del 1 fyller du inn kontaktinformasjon og opplysningar om søkjar.
  • I del 2 legg du inn informasjon om kontaktperson og sentrale personar i føretaket.
  • I del 3 gir du informasjon om verksemda og rolla som føretaket har i den internasjonale vareflytkjeda.
  • I del 4 opplyser du kva land føretaket handlar med, og kva eventuelle andre sertifiseringar/autorisasjonar føretaket har.
  • I del 5 gir du informasjon om eventuelle funksjonar som føretaket har sett ut.
  • I del 6 beskriv du den interne organiseringa av føretaket og kven som jobbar der.
  • I del 7 forklarer du kvifor føretaket ønskjer AEO-autorisasjon.
  • I del 8 kan du gi eventuelle tilleggsopplysningar.
  • I del 9 lastar du opp aktuelle vedlegg til søknaden.
  • I del 10 og 11 svarer du på nokre avsluttande spørsmål og gir litt generell informasjon

 

Signering og innsending

Innsending vil skje når du klikkar på knappen «Send inn».

 

Kvittering

Du vil få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Dette referansenummeret kan brukast når du skal sende inn ny informasjon til di eksisterande sak. Dersom du har behov for å ettersende informasjon kan du gjere dette via skjemaet «Pågåande sak hos Tolletaten».

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema