Bruk dette skjemaet når du skal søke om å opprette eller fornye et tollager.

På et tollager kan foretaket ditt lagre varer som ikke er deklarert i en prosedyre som tillater fri disponering. Det finnes flere typer tollager. Les mer om Tollager her.

For å bli godkjent som tollagerholder stilles det krav til god kunnskap om tollagerregnskap, drift og tollregelverket generelt.

Start teneste

Om denne tenesta

Bruk dette skjemaet om du skal søkje om å opprette eller fornye eit tollager.

På eit tollager kan føretaket ditt lagre varer som ikkje er deklarerte i ein prosedyre som tillèt fri disponering. Det finst fleire typar tollager. Les meir om Tollager her.

For at du skal kunne bli godkjend som tollagerhaldar, må du innfri krav til god kunnskap om tollagerrekneskap, drift og tollregelverket generelt.

Dei som har eit næringsrelatert behov for å lagre varer som er deklarerte i tollprosedyren for tollager. For å kunne søkje om tollager, er det eit krav at føretaket er registrert i føretaksregisteret.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Du kan sjekke kva roller du har på profilen din. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.

Kravet til dokumentasjon vil variere ut frå kva slags tollager ein søkjer om, men følgjande dokument må alltid leverast:

  • Firmaattest
  • Teikningar, skisser og bilete av tollageret
  • Rutinebeskriving
  • Beskriving og døme på tollagerrekneskap

Det kan også vere krav om andre relevante eller nødvendige dokument, avhengig av kva slags tollager det blir søkt om.

Dette skjemaet vil gje deg rettleiing undervegs i søknadsprosessen. Dersom du treng meir informasjon om tollager, kan du besøke toll.no.
Ei kort oversikt over tollager og søknadsprosessen finn du her.
For meir inngåande informasjon om godkjenning, tollagertypar osv., klikk her.
For enkelte tollagerhald kan det vere aktuelt å sende vidare heile containerar.

Når skjemaet ditt er sendt inn vil du få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Dette referansenummeret kan brukast når du skal sende inn ny informasjon til di eksisterande sak. Dersom du har behov for å ettersende informasjon kan du gjere dette via skjemaet «Pågåande sak hos Tolletaten».

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema