Skjemaet blir brukt i samband med søknad om refusjon av tollavgift på ein eller fleire deklarasjonar.

Eitt skjema kan omfatta fleire deklarasjonar dersom det omhandlar same verksemd.

Start teneste

Om denne tenesta

Dette skjemaet blir nytta til søknad om refusjon av tollavgift for varer som er gjenutførte eller destruerte etter innførsel. Me gjer merksam på at søknad også kan sendast som ei elektronisk utrekning.

Skjema gjeld ikkje søknad om refusjon av meirverdiavgift eller særavgift. Ved ønske om refusjon av desse tilfella må førespurnad rettast til Skatteetaten som rette forvaltningsstyresmakt.

Alle eksportørar, importørar og representantane deira (transportørar/speditørar osb.) kan nytta dette skjemaet.

Privatpersonar kan søkja via skjemaet Tilbakebetaling for private.

For å fylla ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Du kan sjekka kva roller du har på profilen din. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegera ho til deg.

For søknad om refusjon må det leggjast ved følgjande:

  • Innførselsdeklarasjon
  • Utførselsdeklarasjon (eksp og L.nr) med attest i rubr. B frå befrakter eller Tolletaten
  • Faktura/proformafaktura brukt ved innførsel og utførsel av varene
  • Ev tilgodeseelse frå leverandør (kreditnotat, erstatningsleveranse) eller dok som viser at varene er destruerte i påsyn av Tolletaten
  • Fortollingsforlag

Personvern i Tolletaten.

Les om dette her.

Trenger du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjelder utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema